Skeiselandskampen Noreg–Sverige 1963 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo laurdag 9. og sundag 10. februar 1963. Noreg vann landskampen med 1004,345 tidspoeng mot Sveriges 1020,055 poeng. Landa stilte med åtte utøvarar kvar som alle gjekk dei to kortaste distansane, på 5 000 m og 10 000 m deltok landa med seks mann kvar. Noregs mannskap bestod av Ivar Eriksen, Alv Gjestvang, Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Per Ivar Moe, Torstein Seiersten, Magne Thomassen og Nils Aaness.
Magne Thomassen imponerte ved å vinne så vel 500 meter som 1500 meter. Fred Anton Maier sigra på 5000 meter, svenske Jonny Nilsson på 10000 meter.
500 m
Dato: 9. februar
5 000 m
Dato: 9. februar
1500 m
Dato: 10. februar
10 000 m
Dato: 10. februar
Kjelder