Verdsmeisterskapen på skeiser 1989 for kvinner vart avvikla i Lake Placid i USA helga 4. og 5. februar 1989. 29 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, frå Noreg einast Minna Nystedt. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.
Constanze Moser-Scandolo frå Aust-Tyskland og vart verdsmeister framom landskvinna Gunda Kleemann. Moser-Scandolo fekk bestetid på 3 000 m og Kleemann på 5 000 m, medan japanske Seiko Hashimoto gjekk snøggaste 500-meteren og Jelena Lapuga frå Sovjetunionen sigra på 1500 m.
Resultat
Dato: 4./5. februar 1989
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |