Verdsmeisterskapen på skeiser 1981 for kvinner fann stad i Sainte-Foy ved Québec i Canada helga 6. og 7. februar 1981. 30 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Tittelforsvarar Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen fekk bestetid på dei to kortaste distansane og vart verdsmeister framom Karin Enke frå Aust-Tyskland som vann 1500 m. Sovjetiske Olga Plesjkova sigra på den avsluttande 3000-meteren.
Resultat
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |