Verdsmeisterskapen på skeiser 1979 for kvinner fann stad i Haag i Nederland helga 3. og 4. februar 1979. 31 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Beth Heiden frå USA fekk bestetid på samtlege fire distansar og vart verdsmeister med ein differanse på nær 2,7 tidspoeng til nummer to.
Skeise-VM 1979
Dato: 3./4. februar 1979
Kjelder