Skøyteløpa under Vinter-OL 1952 i Oslo omfatta fire distansar, alle for menn. Dei fire tevlingane fann stad dagane frå laurdag 16. til tysdag 19. februar 1952 på Bislett stadion. 68 utøvarar frå 14 land deltok i skøytetevlingane.
Norske Hjalmar Andersen vart den store skøyteløparen under Oslo-OL då han vann tre av dei fire tevlingane. Han var suverent best på dei lengste distansane og sette her olympiske rekordar, medan det var ei stor overrasking at han gjekk inn til siger på 1500 meter.