Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.
Sjakkbrikker blir brukte i spelet sjakk, som blir spela på eit brett med 8 gonger 8 ruter. Kvar spelar har 16 brikker til rådvelde. Brikkene har to ulike fargar, vanlegvis nemnde som kvite og svarte, uavhengig av kva farge som er på brikkene. Brikkene har tradisjonelle namn etter rangposisjonar i mellomalderen.
Kvar spelar har følgjande brikker når spelet startar:
Kvar brikke har sin eigen måte å bevege seg på brettet. Gjennom utviklinga av sjakkspelet gjennom historia, har måten dei ulike brikkene har bevega seg på, endra seg ein del. Tårnet og springaren har likevel bevega seg på same vis dei siste 1000 åra, så nokre gamle arabiske sjakkoppgåver vil framleis vere forståelege for notidas spelarar.
Sjå sjakk og artikkel for kvar enkelt brikke for korleis dei bevegar seg.
Namn på brikkene og utforming
Namna på brikkene og utforminga av brikkene varierer etter språk og kultur. Utsjånaden kan vere stilisert etter internasjonal standard, utforma på kunstnarleg vis, eller laga som miniatyrstatuar av personane. Brikker har også blitt laga i alle moglege material. Ein del brikkesett har høg kunstnarisk verdi, og fine brikkesett kan vere samleobjekt.
Eit eksempel på historiske sjakkbrikker er Lewisbrikkene.