Sjømatallergi eller skaldyrallergi er ein form for matallergi med uvanleg immunrespons på eitt eller fleire protein som finst i sjømat.[1][2][3]
Hypersensitivitet til proteina som finst i skaldyr, skjellfisk eller krepsdyr valdar hyperreaksjon i immunsystemet og kan føre til alvorlege kroppslege symptom, deriblant anafylaksi.[4][5] Asthma and Allergy Foundation of America reknar med at storparten av vaksne og barn med matallergi også har sjømatallergi. Sjømatallergi oppstår i hovudsak (men ikkje utelukkande) hjå barn.[6]
Allergiske reaksjonar treng ikkje naudsynleg å oppstå ved inntak av allergene substansar, men kan også oppstå ved eksponering for dampen av kokt sjømat, eller ved førebuing og handtering av sjømat.[7]
Behandling
Sjømatallergi blir oftast behandla med eksklusjonsdiett og årvakenheit rundt mat som kan innehalda skaldyr, fiskeingrediensar, fiskeoljer og liknande. Den mest alvorlege sjømatallergien kan valda ein allergisk reaksjon kjent som anafylaksi.[8] Dette er eit medisinsk naudhøve som krev beinveges tilsyn. Den vanlege behandlinga av anafylaksi er med adrenalin.
Sjå òg
Kjelder
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff