Sirius er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Med ein synleg tilsynelatande storleik på −1,46, lyser ho nesten dobbelt så kraftig som Canopus, den nest mest lyssterke stjerna. Namnet «Sirius» kjem frå gammalgresk: Σείριος Seirios («gloande» eller «brennande»). Stjerna har Bayernemninga Alfa Canis Majoris (α CMa). Det som det nakne auga oppfattar som ei enkel stjerne er i røynda ei dobbeltstjerne, som består av ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A1V, kalla Sirius A, og ein kvit dverg med spektralklasse DA2, kalla Sirius B. Avstanden mellom Sirius A og B varierer mellom 8,2 og 31,5 AU.[20]
Sirius verkar lys både på grunn av den faktiske luminositeten og nærleiken til jorda. Med ein avstand på 2,6 parsec (8,6 lysår), som astrometrisatelliten Hipparcos målte,[5][21][22] er Sirius-systemet ein av dei mest nærliggande naboane til jorda. For alle observatørar som er sør for 73 grader nord, er ho den mest nærliggande stjerna (etter sola) ein kan sjå med det nakne auga. Sirius flyttar seg sakte nærmare solsystemet, og lysstyrken vil auke noko dei neste 60 000 åra. Etter den tid vil avstanden auke igjen, men ho vil vere den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen til jorda dei neste 210 000 åra.[23]
Sirius A er nesten dobbelt så massiv som sola og har ein absolutt tilsynelatande storleiksklasse på 1,42. Ho er 25 gonger meir lyssterk enn sola[8] men har langt lågare luminositet enn andre lyssterke stjerner som Canopus eller Rigel. Systemet er mellom 200 og 300 millionar år gammalt.[8] Systemet bestod opphavleg av to lyssterke, blå stjerner. Den meir massive av desse, Sirius B, forbrende ressursane sine og vart ei raud kjempe, før ho kasta av seg dei ytre laga og kollapsa til den noverande tilstanden som ein kvit dverg for kring 120 million år sidan.[8]
↑ 9,09,1Adelman, Saul J. (July 8–13, 2004). «The Physical Properties of normal A stars». Proceedings of the International Astronomical Union. Poprad, Slovakia: Cambridge University Press. s. 1–11. Bibcode:2004IAUS..224....1A.
↑Qiu, H. M.; Zhao, G.; Chen, Y. Q.; Li, Z. W. (2001). «The Abundance Patterns of Sirius and Vega». The Astrophysical Journal548 (2): 953–965. Bibcode:2001ApJ...548..953Q. doi:10.1086/319000.
↑ 12,012,1Holberg, J. B.; Barstow, M. A.; Bruhweiler, F. C.; Cruise, A. M.; Penny, A. J. (1998). «Sirius B: A New, More Accurate View». The Astrophysical Journal497 (2): 935–942. Bibcode:1998ApJ...497..935H. doi:10.1086/305489.
↑Luminositiet#Bolometrisk luminositet for Sirius B rekna ut frå L=4πR2σTeff4. (Dette vert forenkla til Ls=(Rs)^2*(Ts)^4, der Ls, Rs og Ts er luminositet, radius og temperatur, relativt til solverdiane) Sjå: Tayler, Roger John (1994). The Stars: Their Structure and Evolution. Cambridge University Press. s. 16. ISBN0-521-45885-4.
↑Singh, Nagendra Kumar (2002). Encyclopaedia of Hinduism, A Continuing Series. Anmol Publications PVT. LTD. s. 794. ISBN81-7488-168-9.
↑Spahn, Mark; Hadamitzky, Wolfgang; Fujie-Winter, Kimiko (1996). The Kanji dictionary. Tuttle language library (Tuttle Publishing). s. 724. ISBN0-8048-2058-9.
↑«Sirius B». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 23 October 2007.
↑van Altena, W. F.; Lee, J. T.; Hoffleit, E. D. (1995). The general catalogue of trigonometric parallaxes (4th utg.). Yale University Observatory. (CDS) ID I/238A.
↑Perryman, M. A. C.; Lindegren, L.; Kovalevsky, J.; et al. (July 1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy and Astrophysics323: L49–L52, Bibcode:1997A&A...323L..49P CS1 maint: Explicit use of et al. (link)
↑Perryman, Michael (2010), The Making of History's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5
↑Sky and Telescope, April 1998 (p60), basert på utrekninga frå Hipparcos-data.