Sir John Alot of Merrie Englandes Musyk Thyng & Ye Grene Knyghte er det fjerde studioalbumet til John Renbourn. Det vart gjeve ut på Transatlantic Records i 1968.
Det er eit instrumentalt album (opphavleg kalla Sir John Alot of Merrie England). Renbourn spelar i lag med det framtidige Pentangle-medlemmet Terry Cox på perkusjon og Ray Warleigh på fløyte. Plata kom ut same året som Pentangle vart skipa. Albumet har djupe røter i engelsk folkemusikk og fleire stykke som er inspirert av eller skriven i same stil som tidlegmusikk.
Innhald
Alle spor skrivne av John Renbourn, utanom der andre er nemnde