Simon Montagu McBurney (fødd 25. august1957)[1] er ein engelsk skodespelar, forfattar og regissør. Han er medgrunnleggjar av det engelske teaterselskapet Complicite.
Simon McBurney var fødd i Cambridge og studerte litteratur ved Peterhouse i Cambridge. Han tok teaterutdanning ved Jacques Lecoq-instituttet i Paris.
Han har spelt i fleire filmar som The Manchurian Candidate, The Last King of Scotland og The Theory of Everything, og gav stemme til «Kreacher» i Harry Potter-filmane. Han har hatt fleire fjernsynsroller, som Cecil i The Vicar of Dibley og Archdeacon Robert i Rev. Han skreiv og produserte Mr. Bean's Holiday.
McBurney er ein grunnleggjar og kunstnarisk leiar for Complicite, eit teaterselskap med base i Storbritannia som speler over heile verda. For selskapet har han regissert oppføringar som Street of Crocodiles (1992), The Three Lives of Lucie Cabrol (1994) To the Wedding, Mnemonic (1999), [The Elephant Vanishes (2003), A Disappearing Number (2007), A Dog's Heart (2010) og The Master and Margarita (2011). Han har også vore frilansregissør for produksjonar av The Resistible Rise of Arturo Ui og All My Sons (2008, begge i New York by) og komikarshow som So Much Things To Say av Lenny Henry og French and Saunders Live in 2000.
Fleire av verka hans har vore i samarbeid med John Berger.