Silifke (Selefke; gresk Σελεύκεια, Selevkia eller Selevkeia) er ein by og eit distrikt i sør i det sentrale provinsen Mersin i Tyrkia, 80 km vest for byen Mersin, vest i Çukurova.
Silifke ligg nær kysten av Middelhavet, ved breidda av elva Göksu, som renn ned frå Taurusfjella.
Silifke vart tidlegare kalla Seleucia ad Calycadnum på latinsk. Den antikke byen Olba, Olbasa, Olbia eller Ourbanopolis låg òg innanfor bygrensene til dagens Silifke.
Silifke er ein industriby med gode vegsamband til andre byområde. Her vert det produsert drikkevarer, kjemikaliar, klede, sko, glas, plastikkvarer, keramikk og tekstil.
Klima
Silifke har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og mild og våte vintrar.
Vêrdata for Silifke
|
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sep
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
År
|
Gjennomsnittleg maks °C
|
14
|
15
|
18
|
23
|
26
|
30
|
32
|
33
|
31
|
27
|
23
|
16
|
24
|
Gjennomsnittleg min °C
|
6
|
7
|
8
|
12
|
15
|
19
|
21
|
22
|
20
|
16
|
13
|
8
|
14
|
Gjennomsnittleg nedbør mm
|
170
|
70
|
50
|
60
|
30
|
0
|
0
|
0
|
0
|
10
|
70
|
170
|
630
|
Gns. luftfukt (%)
|
62
|
65
|
62
|
62
|
67
|
65
|
67
|
66
|
58
|
55
|
61
|
65
|
63
|
Kjelde: Weatherbase[2]
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff