Berge Sigval Nathanael Bergesen (3. april 1863–4. desember 1956), best kjend som Sigval Bergesen d.e, var ein norsk skipsreiar og Høgre-politikar fødd i Farsund i Vest-Agder. Han var son av Ole Bergesen og far til Sigval Bergesen d.y.
Bergesen starta rederiet Sigval Bergesen i Stavanger i 1887. Flåten hans voks til å verta det største i byen.
I tida 1903-1909 var Bergesen stortingsrepresentant, og gjennom 20 år var han ein ivrig forkjempar for Sørlandsbanen. Han var formann og medlem i ei lang rad styre, representantskap og komitéar. Mellom anna var han styreformann for Den norske Amerikalinje frå 1929 til 1939.
I 1922 gav han eit klokkespel til domkyrkja i Stavanger.
Bergesen vart utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden i 1953.
Bakgrunnsstoff