Sigrun Berg (18. mai 1901–18. mai 1982) var ein norsk tekstilkunstnar, vevar og tekstilformgjevar frå Oslo.
Utdanning
Ho var utdanna ved Statens kunst- og håndverksskole og Statens kunstakademi.
Arbeid
Frå 1936 knytt til Teletweed Vevarlag. Frå 1947 hadde ho eiga vevstove i Oslo. I tillegg var ho formgjevar ved De Forenede Ullvarefabrikker 1957–1965, og arbeidde for kunsthandverk som binæring på bygdene og for å høgne kvaliteten på norsk fabrikktekstil. Ho sette mellom anna i gang veving på akkord i Trysil.
Frå 1956 var ho lærar i farging ved Statens kunst og håndverkskole.
Sigrun Berg arbeidde med eit fargeskjema bygd på gamal norsk tradisjon, men med ei utforming som heilt høyrde til samtida.
Utsmykkingsoppdrag
Eit utval:
Prisar og utmerkingar
Kjelder
- Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet, Nordiske Fagbøker.