Shanwei (kinesisk skrift 汕尾, pinyin Shànwěi) er eit byprefektur aust i provinsen Guangdong ved den kinesiske kysten mot Sørkinahavet.[2] Prefekturet har eit areal på 5 271 km² og eit folketal på 2,13 millionar. Byprefekturet Shanwei består av eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Byen Shanwei ligg om lag 120 kilometer aust for Shenzhen.
Næringsliv
Vikitige næringsgreiner i Shanwei er landbruk med ris og poteter og fiskeri. Industrien er dominert av skipsbyggjing, sjømat og fiskeutstyr. Shanwei er elles ein viktig produsent av salt.[2]
Galleri
Kjelder