Shahab-ud-din Muhammad Khurram,[1] kjend under herskarnamnet Shah Jahan {Sjah Djahan, fødd 5. januar 1592 i Lahore, daud 22. januar 1666 i Agra[2] var den femte herskaren av Mogulriket frå 1627 til 1658.[3]
Shah Jahan (persisk شاه جهان) tyder 'Kongen av verda'.[4] Han er rekna som ein av dei største mogulherskarane. Under hans styre nådde Mogulriket eit høgdepunkt.[5] Han var ein røynd militærleiar, men er truleg best kjend for byggverka sine. Styretida hans byrja gullalderen imogularkitektur. Av dei mange monumenta Shah Jahan bygde er det best kjende Taj Mahal i Agra, som var gravstaden til favorittkona hans Mumtaz Mahal.
Liv
Då faren Djahangir døydde i 1627 var Deccan i ope opprør. Shah Jahan blei anerkjend som keisar 1628 og fekk fleire slektningar som tevla med han om trona drepne.
Shah Jahan og sonen hans erobra Kandahar frå safavidane i 1638. Dette førte til eit brot i banda til den persiske herskaren Abbas II, som gjenerobra byen i 1649. I 1636 erobra Shah Jahan riket Ahmednagar i Deccan og vann tributt frå Bijapur og Golconda. Frå 1637 blei makta hans skaka av valdsame marathaopprør.
Jahan hadde eit overdådig hoffliv, som mellom anna blei skildra av den franske juveleren Jean-Baptiste Tavernier, og lét oppføra ei mengd storslagne praktbygningqr, som mausoleet Taj Mahal til favorittkona si Mumtaz Mahal, moskeen Moti Masjid i Agra og dessutan 'Den store moskeen' (Jama Masjid) i Delhi.
Stormogulen blei avsett i 1658 av sonen sin Aurangzeb, og levde dei siste åra av livet som statsfange på Det raude fortet i Agra.
Han var far til keisar Aurangzeb, kronprins Dara Shikoh, Jahanara Begum og Roshanara Begum.
Kjelder