Setane er eit fjell i Gulen kommune i Vestland. Det ligg mellom dalane til Oppedalselva og Storelva, om lag 6 km sør-søraust for Ytre Oppedal. Største høgda er 697 meter over havet. Det er bratte fjellsider i alle retningar unntatt i nordaust og mot Grønnlifjellet i sørvest.