Denne artikkelen handlar om distriktet. For elva, sjå Sense-elva.
Sense (tysk, på fransk Singine) er eitt av sju distrikt i kantonen Fribourg i Sveits. Distriktet har eit areal på 265,3 km² og hadde 41 113 innbyggarar i 2010. Sense ligg heilt aust i kantonen og har ei lang austgrense mot kantonen Bern. Distriktet har namn etter elva Sense som for ein lengre del er grenseelv mot kantonen Bern. Hovudstad er Tafers, ein kommune som ligg ganske sentralt i distriktet.
Sense omfattar 17 kommunar. Düdingen og Wünnewil-Flamatt er dei to kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Alterswil, Bösingen, Brünisried, Düdingen, Giffers, Heitenried, Plaffeien, Plasselb, Rechthalten, Schmitten, St. Antoni, St. Silvester, St. Ursen, Tentlingen, og Ueberstorf.
Tysk er offisielt språk i distriktet.
Kjelder