Selma Lønning Aarø (fødd 13. juli 1972) er ein norsk forfattar og spaltist frå Stord. Ho har ei fast spalte i laurdagsutgåva av Dagbladet.
Ho debuterte med romanen Den endelige historien i 1995, som fekk Cappelen sin pris for beste debutroman. Etter den tid har ho gjeve ut fire romanar og ein lettlest roman for ungdom. I tillegg har ho saman med Nils-Øivind Haagensen redigert tre årgangar av Cappelens debutantantologi.
Lønning Aarø-romanen Vill ni åka mera? (2003) har vorte rekna som gjennombrotet hennar som forfattar. Med denne romanen vart ho òg nominert til Brageprisen. Aarø er omsett til dansk og nederlandsk.
Utmerkingar
Bibliografi
Bøker
I bøker - eit utval
- 1996 – Heltane er mette : og andre noveller for ungdom (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4874-3 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Jesus vitjar Vestlandet / Selma Lønning Aarø]
- 1999 – Baksiden av månen (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-18805-9 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Seksuell frå Minnesota / Selma Lønning Aarø]
- 2004 – Jorden rundt på åtte noveller (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-33288-6 [Av innhaldet: Døden på Nilen / Selma Lønning Aarø]
- 2009 – Wow : 7 kjærestefortellinger (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-30822-3 [Illustrert av Helena Ohlsson. Av innhaldet: Bind for øynene / Selma Lønning Aarø]
- 2010 – Nesten som før (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-33385-0 [Av innhaldet: Oslo-Strømstad-Oslo / Selma Lønning Aarø]
- 2022 – Hjemmekontoret (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-76059-5 [Redigert av Lars Saaby Christensen. Bidrag frå Selma Lønning-Aarø m.fl.]
Kjelder
Bakgrunnsstoff