Scuderia Ferrari er formel 1-laget til den italienske bilprodusenten Ferrari. Laget som debuterte i Formel 1 ved Monaco Grand Prix i 1950, har vunne konstruktørmeisterskapen 16 gongar og førarmeisterskapet 15 gongar. Med det er Ferrari det mest suksessfulle laget innan formel 1, det er og det eldste som framleis er aktivt.
Hovudsponsor for laget har vore sigarettprodusenten Marlboro sidan 1997. I 2005 fornya Ferrari og Marlboro kontrakten fram til 2011. Dette til trass for at tobakksreklame var forbode i mange av arrangørlanda og andre lag innan formel 1 difor valde å avslutte sine avtalar.