Savannah er ei elv som renn langs delstatsgrensa delstatane Georgia og Sør-Carolina i det søraustlege USA. Elva er cirka 560 km lang, og dannar heile grenselinja mellom Georgia og Sør-Carolina heilt frå grensa mot Nord-Carolina i nord. Ho renn ut i Atlanterhavet ved storbyen Savannah. Nedbørsområdet er på 25 511 km².
Dei engelske kolonistane i området busette seg stort sett langs Savannah-elva i den tidlege koloniperioden frå 1700-talet. Den engelske kulturen stod særleg sterkt i dei to elvebyane Savannah og Augusta.
Elva er farbar for større skip, og har i historisk tid vore ei svært viktig fordselsåre for Georgia, ikkje minst for eksporten av bomull frå Savannah til Europa.