Samuel Simonsson Fede (1769–13. mars 1856) var frå Kristiansand eller Søgne i Vest-Agder. Han var gardbrukar og stortingsmann.
Mor til Fede flytta til garden med same namnet, etter ho vart enkje. Sonen tok etter kvart over garden og dreiv den vidare. Han vart i 1788 i tillegg postopnar, eit verv han hadde fram til han døydde i 1856.
Fede var 2. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget i 1818. Han var medlem av fem komitear, mellom dei om brennevinsbrenning, om fyr- og merkevesenet og om husmannslova.
Han døydde på garden sin i Kvinesdal i 1856.
Kjelder