Alle tre lokomotiva vart skadde i sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen, men dei vart bygde opp att, to lok av delar frå alle tre som vart gjevne nummera 2 og 3. Dei vart brukte i persontog fram til neste generasjon med kraftigare lokomotiv overtok i 1950, og etter det i skifteteneste fram til 1963.[1] Nummer 2 vert i dag nytta i museumstog på banen.
Det står der på ein 20 meter lang skinnegang av trikkeskjener[2] og er enno køyrbart, men får straum frå ein kabel festa til ei skinne og ikkje frå pantografen på taket.
«Ohma Electra» er, saman med sitt systerlokomotiv nr. 2, verdas eldste ein-fasa vekselstraumslokomotiv som er operative.[treng kjelde]
Linjesamskipnaden AF Smørekoppen har òg eit lokomotiv på Gløshaugen, med namn D/L «Bjørkelangen». Dette er eit damplokomotiv levert til Urskog–Hølandsbanen i 1924.
«Thamshavnbanen». På Sporet (Norsk Jernbaneklubb). desember 1973. s. 26–33. desember 1973. s. «Thamshavnbanen». På Sporet (Norsk Jernbaneklubb). desember 1973. s. 26–33.