For andre tydingar av oppslagsordet, sjå salsa til mat.
Salsa er ein musikk- og dansestil. Musikksjangeren har utvikla seg frå forskjellige afro-kubanske musikkstilar som son, mambo, cha cha cha, guaracha etc.
Salsa som omgrep utvikla seg i den latinske busetnaden i New York på 1960-talet og består av dei nemnde kubanske musikksjangrane, i tillegg til innslag frå andre karibiske land som f.eks. Puerto Rico (bomba og plena).
Salsa er òg blitt populært i resten av verda med dansekurs i forskjellige stilretningar.
Ein viktig musikalsk byggjestein i salsamusikken er clavesrytmen, ein synkopert figur med 3 slag i éin takt og 2 i neste.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.