Saint-Dizier er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Haute-Marne i Champagne-Ardenne. Byen har om lag 31 000 innbyggjarar (2003) og ligg ved elva Marne.
Han ligg om lag 190 km aust for Paris, halvvegs til Strasbourg, og om lag 10 km frå den største kunstige innsjøen i Vest-Europa, Lac Der-Chantecoq.