Saint-Amand-Montrond er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Cher i regionen Centre. Byen ligg ved elva Cher og har om lag 11 000 innbyggjarar.
Geografi
Byen ligg ved den austlege breidda til elva Cher, som skil byen frå kommunen Orval på andre sida. To bruer knyter dei to kommunane saman.
Historie
Det har vore busetnadar ved Saint-Amand tilbake til førhistorisk tid. Tre byar vart delt i mellomalderen, Saint Armand le Chastel, Montrond og Saint Armand sous Montrond.