Sagvåg er med sine om lag 3300 innbyggjarar den nest største tettstaden i Stord kommune. Tettstaden ligg sørvest i kommunen på øya Stord.
Sagvåg har lange tradisjonar som handelsstad, båtbyggjarstad og som hamn. Mellom anna låg utskipingskaien til Stordø Kisgruber i Sagvåg. Ferja mellom Stord og Bømlo gjekk frå Sagvåg fram til Trekantsambandet opna i 2001.
I dag er Sagvåg mellom anna ei populær gjestehamn for småbåtar i sommarhalvåret.
Kjende personar frå Sagvåg