Sørvær er eit fiskevær i Hasvik kommune i Finnmark. Staden ligg nordvest på Sørøya. Det går fylkesveg frå Sørvær til Breivikbotn.
Sørvær vart bygd opp på tre nakne holmar. Det har ikkje vore tilhøve for dei som bur der å drive med jordbruk attåt fiske, og dette har gjort Sørvær heilt avhengig av fisket.
Då den tyske militærmakta måtte trekkje seg ut av Finnmark i 1944, svidde dei av heile Sørvær. I oppattbygginga etter krigen var hjelp frå Hamar svært viktig.
Det er barnehage og barneskule på staden.
Kjelder