Sørpolområdet til Mars eller Planum Australe har eit område som heile tida er dekt med is. Denne isen er sett saman av vassis og karbondioksid-is. Om vetteren er òg eit større område ikring dekt med frost som vert til gass når sumaren kjem.[1][2]
Isdekket på sørpolen når visse stadene ei tjukn på opp til 3,5 kilometer, og det har ein diameter på kring 350 kilometer.[2][3]
Det permanente isdekket er sett saman av 85% karbondioksid-is og 15% vassis. Det har ein kjerne av vassis.[2]