Sønderborg (tysk Sonderburg, sønderjysk Synneborre) er ein hamneby og tidlegare kjøpstad i Sønderjylland i Danmark. Byen ligg i Sønderborg kommune i Region Syddanmark og er administrasjonsby (hovudby) i kommunen. Sønderborg har 27 337 innbuarar (2013).[1]
Byen ligg på begge sider av Als Sund, med størstedelen på øya Als. Han voks opp kring borga si, som blei bygd litt før 1200. Sjøfart var ei viktig inntektskjelde frå 1500-talet fram til moderne tid, då veg- og jernbanetransporten tok over.
Kultursenteret Alsion i Sønderborg husar delar av Syddansk Universitet.
Kjelder