Ryggsøyla (frå latincolumna vertebralis, 'søyle i ryggen'), ryggrada eller virvelsøyla er bygd av små enkeltknoklar kalla virvlar. Ryggsøyla er kjenneteiknet på ryggbeinsdyra. Talet på ryggvirvlar varierer frå art til art. Kvar virvel er bygd opp av ei massiv, nesten sylinderformabeinblokk. Ho er flat på over- og undersida, der ho ligg mot ei bruskskive.
Fordi søylene har mange virvlar og ikkje berre éin stiv knokkel gjev ryggsøyla stor rørslefridom.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.