Ruth Kasirye (fødd 10. oktober 1982) er ein norsk-ugandisk vektløftar.
Karriere
Kasirye blei fødd i Mukono i Uganda, men flytta til Noreg i 1998.[1] Ho er busett i Tønsberg og representerer Tønsberg-Kameratene. Tidlegare representerte Kasirye Trondhjem atletklubb. Ho har studert vernepleie.
Kasirye hadde august 2008 dei norske rekordane i rykk, støyt og samanlagt i 3 vektklassar: 58, 63 og 69 kilo. I 2007 vart ho nummer 9 i VM med 94 kg i rygg, 115 kg i støyt og 209 kilo samanlagt. Kasirye har vunne sølv- og bronsemedalje i EM.
I 2008 kvalifiserte Kasirye seg til OL i Kina. Ho var norsk flaggberar under opningssermonien,[2] og vart nummer 7 i +63 kilosklassen tysdag 12. august 2008.[3]
Personlege rekordar
Kasirye sine personlege rekordar står alle som norske rekordar.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff