Russian River er ei 21 km lang elv på Kenaihalvøya i Alaska i USA. Ho renn nordover frå Upper Russian Lake i Kenaifjella, gjennom Lower Russian Lake, og ut i Kenaielva i nærleiken av busetnaden Cooper Landing. Denainafolket frå denne staden kalla elva Chunuk'tnu.[1]
Nett som Kenai er Russian River kjend for godt fiske, særleg etter laks. Det er to oppgangar av raudlaks (Oncorhynchus nerka) kvart år, i midten av juni og midten av juli, og ein oppgang av Oncorhynchus kisutch (silver salmon eller Coho salmon) i august.
Det er ingen direkte vegtilgang til elva. Ein kan nå henne anten ved å gå inn frå fleire parkeringsplassar i Russian River Campground (1/2 mile utanfor Gwin's Lodge på Milepost 52) eller ved Russian River-ferja, som kryssar Kenai og tar fiskarar til munningen av Russian River.
Bjørnar fiskar ofte nedanfor stryka, og vidare nedover.[2]
Kjelder