Rote Armee Fraktion, eller den «Raude armé-fraksjonen» (RAF) var ei venstreradikal terroristgruppe ansvarleg for ei rad terroraksjonar frå 1970 til byrjinga av 1990 talet. Gruppa var samansett av m.a. Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Horst Mahler, Ulrike Meinhof med fleire. RAF vart skipa i 1970 i Tyskland, og løyste seg sjølv endeleg opp i 1998.
RAF ynskte etter førebilete av søramerikanske motstandskjemparar, særskilt Tupamaroane i Uruguay, å føre ein væpna kamp som bygerilja mot «systemet». «Systemet» tyda i RAF sitt høve den kapitalistiskestaten og «den amerikanske imperialismen». Denne undergrunnskampen var meint å styrke den internasjonale «fridomsrørsla». Grunna terroraksjonar eller gisseltakingar vart 34 personar drepne og eit større tal skadde. I tillegg døydde 20 medlemmer av RAF.
I media i samtida vart RAF ofte omtala som «Baader-Meinhof gruppa» eller «Baader-Meinhof banden». I dag nyttar ein normalt det sjølvvalde, raude arme-inspirerte namnet.
Ser ein på utviklinga av RAF er det mogleg å skilje fleire ulike «generasjonar», med liten eller ingen personleg samanheng mellom seg. Desse «generasjonane» skilde seg frå kvarandre i organisasjonsstrukturen, og hadde også endringar i både teori og praksis.
Kronologisk oversyn over RAF
Opphav
Den første RAF-generasjonen kom i hovudsak frå den militante fløyen av ulike venstregrupperingar, kommunistiske utbrytarparti (“K-grupper”) av den oppløyste (“utanomparlamentariske”) opposisjonelle studentrørsla (APO, außerparlamentarischen opposition) mot slutten av 1960 talet.
Etter strategidiskusjonar i studentrørsla om legitimiteten til “vald mot ting” sette Baader og Ensslin saman med Thorwald Proll og Horst Sohnlein 2. april 1969 fyr på to varehus i Frankfurt. Brannane skulle vere ein protest mot Vietnamkrigen. Brannstiftarane vart arresterte to dagar seinare og 31. oktober1968 vart Baader, Ensslin, Proll og Söhnlein dømde til fleirårige fengselsstraffer. Under rettssaka trefte Ensslin journalisten Ulrike Meinhof for første gong. Saka vart anka til forbundsretten, og dei fire slapp ut av fengselet med plikt til å melde seg regelmessig for politiet.
Då forbundsretten stadfesta den tidlegare dommen gjekk brannstiftarane under jorda. Saman med forsvararen deira, Horst Mahler bestemde dei seg for å grunnleggje ein bygerilja-tropp etter latinamerikansk førebilete (jf. “Minihandbuch des Stadtguerilleros” av Carlso Marighella og “fokusteorien” til Che Guevara og Régis Debray). Denne planen vart endå ikkje gjennomført grunna arrestasjonen av gruppeleiaren Andreas Baader. Den første aksjonen til RAF vert slik rekna for å vere den følgjande frigjeringa av Baader.
Frigjeringa vart gjennomført 14. mai 1970. Andreas Baader var ført til Berlin sitt “Institutt for sosiale spørsmål” då journalisten Ulrike Meinhof hevda ho ville skrive ei bok om barneheimsungar saman med han. Høvet vart nytta til å frigjere Baader ved bruk av skytevåpen, og ein tilsett ved instituttet, Georg Linke, vart alvorleg skadd av eit skot.
I oppbyggjingsfasen fekk gruppa merksemda til staten gjennom ei rad av bankran, køyretøy- og dokumenttjuveri. RAF steig ut i allmenta i april 1971 med strategiskriftet “Bygeriljakonseptet” (“Das Konzept Stadtguerilla”). Skriftet gav grunnlaget til ei landsomfattande jakt på dei om lag femti gruppemedlemmane.
Endå ein i litteraturen ordskiftast om brannstiftingane i Frankfurt var den eigentlege skipinga av RAF, vert normalt frigjeringa av Baader rekna som den eigentlege skipingsaugneblinken til RAF. Dette svarar og til sjølvforståinga til RAF.
I fengselet klaga terroristane over dei skjerpa fengslingsvilkåra som dei hadde. Dei omtala vilkåra som “isolasjonstortur” (jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen) og kravde, mellom anna, ei oppheving av statusen deira som krigsfangar. For å legg vekt til krava vart det gjennomført fleire sveltestreikar, noko som resulterte i at Holger Meins døydde i Wittlich-fengselet 9. november 1974. Aksjonane fekk og, med hjelp frå forsvararane deira (som til dømes dei seinare sjølve tiltala advokatane Horst Mahler og Klaus Croissant), resonans i allmenta. Mellom dei kjende forsvararane til den første RAF-generasjonen finn ein seinare ”Die Grünen” (eit av venstrepartia i Tyskland) politikarane Hans-Christian Ströbele og noverande innanriksminister Otto Schily.
Den 25. april 1975 hærtok seks tyske terroristar under namnet “Kommando Holger Meins” delar av den tyske ambassaden i Stockholm, og kravde at dei fengsla RAF-toppane vart sett fri.
Ein av terroristane utløyste ved eit mistak ein eksplosjon, som sette bygningen i brann. Brannen tok livet av terroristen Ulrich Wessel, og påførte RAF-medlemet Siegfried Hausner skader som han seinare døydde av. Dei fire siste RAF-medlemmane vart seinare dømde.
Irmgard Möller var den einaste av dei fengsla som overlevde. Ho avfeiar den dag i dag styresmaktene si offisielle forklaring om eit planlagd, kollektivt sjølvmord. Omstenda rundt dødsfalla har gjeve grobotn for tvil i høve til dei offisielle forklaringane. Kort tid etter dødsfalla rapporterte vekemagasinet Stern at ein grunna byggjearbeid hadde slege av alarmsløyfene knytt til nødutgangstrappa i fengselet. Slik kunne uautoriserte personar fått tilgang til fangane. Enkelte har mistanke om innblanding frå tryggingstenestene; konkrete prov på dette finst likevel ikkje. Dei "tekniske" omstenda rundt sjølvmorda; måten mordvåpna vart nytte på, nyttar skeptikarar som grunnlag for å stille spørsmål ved sjølvmordstesa. Også noverande innanriksminister Otto Schilly ytra den gong tvil i høve til sjølvmordsforklaringa.
Den andre generasjonen
Den “andre generasjonen” voks fram etter arrestasjonane av stordelen av den første generasjonen, og prøvde hausten 1977 (“den tyske hausten”) å tvinge staten til å frigjere den fengsla “første generasjonen" gjennom kidnappinga av leiaren for arbeidsgjevarforbundet; Hanns-Martin Schleyer.
For å auke trykket på forbundsregjeringa, kapra ei gruppe arabiske terroristar Lufthansa-passasjerflyet Landshut, og førte det til Mogadishu i Somalia, og tok passasjerane som gissel. Gisseltakinga tok slutt etter at krisestaben til forbundsregjeringa (under forbundskansler Helmut Schmidt (SPD)) fekk til ein avtale via den tyske forhandlingsleiaren Hans-Jurgen Wischnewski med den somaliske regjeringa under Siad Barre. Spesialkommandoane i grenseforsvarsgruppa GSG9 frigjorde det kapra flyet utan å skade ein einaste passasjer. Tre av dei fire gisseltakarane vart skotne, den siste; Souhaila Andrawes overlevde.
Få timar etter frigjeringsaksjonen tok, etter den offisielle forklaringa, Baader, Ensslin og Raspe sjølvmord i cellene sine i Stammheim-fengselet i Stuttgart, den såkalla “Stammheim-dødsnatta”. Deretter gjennomførte den nye RAF-generasjonen truslane sine, og drap Hanns-Martin Schleyer.
Den "tredje generasjonen", var etter informasjon frå den tyske overvåkingstenesta (BfV) ei samanslutning av opptil 250 personar. Desse vert skulda for gjennomføringa av sabotasjeaksjonar og fleire mordanslag. Dei avretta kjende personar frå tysk politikk og næringsliv. Den "harde kjernen" omfatta om lag 15 - 20 personar.
Den 4. juli1993 kom det til skotveksling i Bad Kleinen ved Scwerin under arrestasjonen av RAF-medlemmane Wolfgang Grams og Birgit Hogefeld. Den 26-årige GSG-9-tenestemannen Michael Newrzella og Grams døydde.
Etter opplysningar frå den seinare granskinga skaut Grams, etter at han hadde drepe Newrzella med ein medbrakt pistol, seg sjølv for å unsleppe arrestasjonen. Særskilt i sympatiserande kretsar spreidde mistanken om at Grams vart skoten av ein GSG-9-mann seg.
Då ein gjekk omstenda rundt operasjonen nærare i saumane kom det fram vesentlege manglar ved rapporten frå dei ulike etterforskingsorgana. Ein fann og manglar ved sikringa av spor. Grunna den offentlege debatten som følgde gjekk den dåverande innanriksministeren Rudolf Seiters av, og forbundsadvokaten Alexander von Stahl vart seinare avsett.
Wolfgang Grams vert skulda for å ha drepe sjefen for Treuhandstat, Detlev Karsten Rohwedder, den 1. april1991 i Düsseldorf. Forbundsadvokatkontoret gjorde kjend at ein gjennom ei DNA-analyse av spor på åstaden hadde klare prov på at Grams var medskuldig.
Den 15. september1999 vart Andrea Klump og Horst Ludwig Meyer tekne av den austerrikske politiet. Ved ei skotveksling døydde Meyer. Han vart skulda for å ha delteke i det planlagde drapet på Beckurts. Grunna dødsfallet til Meyer vart saka endå ikkje handsama i rettssystemet. Skuldinga om at Klumps var RAF-medlem er ikkje klarlagd, og i ein rettsprosess vart denne kalla attende.
Oppløysinga av RAF
Den 20. april1998 vart ei erklæring på åtte sider gjort kjend, der RAF oppløyste seg sjølv. I erklæringa stod det: "For snart 28 år sidan, den 14. mai1970, oppstod i ein frigjeringsaksjon RAF. I dag avsluttar vi dette prosjektet. Bygeriljaen i form av RAF er no historie."
Teksten i oppløysingserklæringa er offentleggjort på verdsveven (på tysk) sjå : [1] und [2].
Den 20-årige amerikanske soldaten Edward Pimental vert avretta med eit nakkeskot
RAF nyttar identitetskortet hans til å plassere ei bilbombe på Rhein-Main flyplassen. RAF og franske "Action directe" vedkjenner seg aksjonen. 2 personar døyr og 11 vert skadde.
Med Eva Haule (sidan 1986), Birgit Hogefeld (sidan 1993), Christian Klar (sidan 1982) og Brigitte Mohnhaupt (sidan 1982) sit enno fire personar tidlegare knytte til RAF i tyske fengsel. Rolf Clemens Wagner, som i hovudsak var aktiv i RAF på 1970-talet, vart sett fri 9. desember 2003 etter 24 år i fengsel. Adelheid Schulz, som vart dømd til livsvarig fengsel grunna mellom anna bortføring og seinare drapet av Hanns-Martin Schleyer, fekk ettergjeve straffa si av den dåverande Forbundspresidenten Johannes Rau. Schulz var allereie sidan oktober 1998, av medisinske grunnar, fri frå fengselet. I oktober 2001 vart fengselsstraffa til Rolf Heißler endra til laussetjing på prøve. Han vart i 1982 dømt til livsvarig fengselsstraff. Den tidlegare terroristenAndrea Klump sit (sidan 2001) i fengsel. Ho er endå usamd i skuldingane om tilknyting til RAF, og skuldinga vart mellombels kalla attende i ein rettsprosess.
Etter dei skriftlege kjeldene etter RAF (i hovudsaka frå "den første generasjonen") kan ein i utgangspunktet kategorisere RAF som ei radikalisert revolusjonær-sosialistisk gruppering. Dei sette seg inn i neomarxismen til "Frankfurt-skulen" og knytte seg endå til denne etter radikaliseringa, endå representantane for denne skulen bestemde seg for å distansere seg frå terrorisme. I skriftene sine knyter dei seg dels også til marxist-leninistiske teoriar; ein kan konstatere maoistiske tendensar. Det er slik vanskeleg å karakterisiere dei som "neomarxistiske terroristar".
RAF var tydeleg fylt av eit erklært hat mot "systemet" og statsapparatet til forbundsrepublikken Tysklnad. Dei trekte, som den "utanomparlamentariske opposisjonen" (APO) før dei, fram det dei hevda var fascistiske tendensar i det vestleg-europeiske samfunnet, særskilt den "ufullendte", "tilgjevne" og enno fungerande nasjonalsosialistiske fortida til Tyskland. Den første generasjonen ("Baader-Meinhof-gruppa") og der særskilt den tidlegare journalisten Ulrike Meinhof utvikla ein venstreradikal intellektuell teori som til tider syner seg vere overraskande klår, med eit preg av eintydig ideologi.
Innhaldet i den radikaliserte teorien og terrorispraksisen vart ikkje støtta av venstreorienterte "utanomparlamentariske intellektuelle" i samtida, som t.d. Rudi Dutschke.
I dagbøkene til Dutschke såg han RAF-dumskap (30.11.1974) og meinte: Dei negative utslaga av RAF-skiten ser ein fleire stader, CDU/CSU særskilt, Regjeringa generelt og enkelte i RAF-skiten verkar stå saman: om å hemme den politiske klassekampen!! (1.12.1974) [grovt omsett] RAF-skriftene/-posisjonane vart, ikkje minst grunna brotsverka til RAF, ikkje diskuterte i stordelen av allmenta. I store delar galdt dette òg like mykje for ulike kritiske meiningsytringar (døme: Daniel Cohn-Bendit i ei fjernsynsdiskusjon om Hans-Martin Schleyer[;der Göttinger Mescalero über das Buback-Attentat]). Desse vart ikkje sett på som alvorlege bidrag til den politiske diskursen, og i den offentlege diskusjonen (framfor alt i massemedia, som Bild-Zeitung) ikkje handsama åtskilt frå skriftene til RAF sjølve, i staden vart dei til tider vurdert negativt som utsegn frå "sympatisørar".
Kjelde Dutschke-dagbøkene: Rudi Dutschke: Jeder hat sein Leben ganz zu leben - Die Tagebücher 1963-1979, Gretchen Dutschke (Hrsg.). ISBN 3-462-03224-0
Alexander Straßner: Die dritte Generation der RAF - Entstehung, Struktur, Funktionslogik und Zerfall einer terroristischen Organisation, Wiesbaden 2003. ISBN 3-531-14114-7
Carsten Polzin: Deutscher Herbst im Bundesverfassungsgericht - Zur verfassungsrechtlichen und verfassungspolitischen Dimension terroristischer Entführungsfälle. [10]Arkivert 2005-05-15 ved Wayback Machine.
Bakker Schut, P. H. (Hrsg.): Todesschüsse - Isolationshaft - Eingriffe ins Verteidigungsrecht (Berlin, 1995)
Klusmeyer, Gerd (V.i.S.d.P.): Dokumentation zu den Haftbedingungen der Gefangenen aus der RAF und aus dem Widerstand (Hannover, 1985)
Tolmein, O.: RAF - Das war für uns Befreiung. Ein Gespräch mit Irmgard Möller über bewaffneten Kampf, Knast und Linke (Hamburg, 2002)
Veiel, A.: Black Box BRD (Stuttgart / München, 2002)
Maurer, S.: Isolationshaft in Justizvollzugsanstalten der Bundesrepublik Deutschland ... erläutert am Beispiel der ehemaligen Rote Armee Fraktion (RAF)Bezugsquelle
Zur Vorstellung des Terrors: Die RAF. Ausstellung, kontroversiell utstilling med verk frå 50 kunstnerar, kan sjåast fram til midten av mai 2005 i "Berliner Kunst-Werken" (utstillinga vert diskutert (på tysk) m.a. på [11], [12], [13], [14] og Wikinews-Artikel).
Lenkjer
På tysk:
Det Tyske Historiske Museum i Berlin har på sida si noko informasjon om RAF.
Primærkjelder frå samtida til RAF finn ein m.a. på rafinfo.de og ei dokumentsamling frå "det venstreorienterte informasjonssystemet" Nadir.org. Ein finn òg pdf-versjonar av ei materialsamling frå "Independent Verlagsgesellschaft" på veven (sjå [15]Arkivert 2006-03-02 ved Wayback Machine.).
Extremismus.com gjer på [16]Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine. ei særskilt skildring av "den andre generasjonen".
Edric TjandraLahir28 Februari 1984 (umur 40)Jakarta, IndonesiaPekerjaanAktorpelawakpresenterTahun aktif2004—sekarangSuami/istriVenny Chandra (m. 2019)Anak1 Edric Tjandra (lahir 28 Februari 1984) adalah aktor, pelawak, dan presenter Indonesia. Ia dikenal luas melalui acara varietas Extravaganza. Pada tahun 2008, ia juga bermain dalam film Tulalit.[1] Filmografi Film Tahun Judul Peran Catatan 2008 Oh, My God! Lukius Oh Baby Petugas kebersihan ...
Dalam artikel ini, nama keluarganya adalah Makkulau, nama keluarga patronimik Bugis; Andi adalah gelar kehormatan bangsawan Bugis. Drs. H.Andi Bintang Bupati Sinjai ke-4Masa jabatan1971–1983PresidenSoehartoGubernurAchmad LamoAndi Oddang PendahuluDrs. H. M. Nur TahirPenggantiH. Andi Arifuddin Mattotorang, S.H. Informasi pribadiLahirBone, IndonesiaKebangsaanIndonesiaHubunganAndi Patellui Petta Sau Arung Sumaling (kakek)Andi Sudarmi Makkulau (saudara kandung)Andi Bulan MakkulauAndi Surya M...
Utah JazzUtah Jazz musim 2023–2024WilayahWesternDivisiNorthwestDibentuk1974SejarahNew Orleans Jazz1974–1979Utah Jazz1979–sekarang[1][2][3]ArenaVivint ArenaLetakSalt Lake City, UtahWarna timKuning spotlight, hitam kunci, abu-abu, putih, ungu[4][5][6] PresidenJim OlsonManajer umumJustin ZanikPelatih kepalaWill HardyPemilikRyan SmithAfiliasiSalt Lake City StarsJuara0Gelar Wilayah2 (1997, 1998)Gelar Divisi9 (19...
Evening meal Part of a series onMeals Meals Suhur Breakfast Second breakfast Elevenses Brunch Lunch Tea Merienda Tiffin Dinner Supper Iftar Siu yeh Snack Combination meal Kids' meal Value meal Components and courses Full-course dinner Tasting menu Amuse-bouche Hors d'oeuvre Soup Entrée Roast Main course Salad Side dish Entremets Dessert Savoury Meal preparation Related concepts À la carte Banquet Buffet Cuisine list Drink Eating Food Grazing History of breakfast Kamayan Table d'hôte Table ...
City in the United States City in California, United StatesBarstow, CaliforniaCityCasa del Desierto FlagMotto: Crossroads of Opportunity[1]Location of Barstow in San Bernardino County, CaliforniaBarstowLocation within Southern CaliforniaShow map of southern CaliforniaBarstowLocation within CaliforniaShow map of CaliforniaBarstowLocation within the United StatesShow map of the United StatesBarstowLocation within North AmericaShow map of North AmericaCoordinates: 34°54′N 117°1�...
Peta lokasi Munisipalitas Ringkøbing-Skjern Munisipalitas Ringkøbing-Skjern adalah sebuah kawasan pemukiman (Denmark: kommune) di Region Midtjylland di semenanjung Jutlandia di Denmark tengah. Munisipalitas Ringkøbing-Skjern memiliki luas sebesar 1.485 km² dan memiliki populasi sebesar 58.368 jiwa. Referensi Municipal statistics: NetBorger Kommunefakta Diarsipkan 2007-08-12 di Wayback Machine., delivered from KMD aka Kommunedata (Municipal Data) Municipal merges and neighbors: Eniro ...
Antonio Sibilia Antonio Sibilia (Mercogliano, 4 novembre 1920 – Mercogliano, 29 ottobre 2014) è stato un imprenditore e dirigente sportivo italiano. Ha ricoperto la carica di presidente dell'Avellino dall'ottobre 1970 al giugno 1975, dal 1982 al giugno 1983 e infine dal 1995 all'estate del 2000, quando ha lasciato definitivamente la proprietà della squadra. Era il padre del senatore Cosimo Sibilia. Indice 1 Biografia 1.1 I primi anni 1.2 L'Avellino in Serie A 1.3 Controversie 1.4 Il ritor...
Constitutional and hereditary monarchy of the Kingdom of the Netherlands Queen of the Netherlands redirects here. For the ship, see Queen of the Netherlands (ship). This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article's tone or style may not reflect the encyclopedic tone used on Wikipedia. See Wikipedia's guide to writing better articles for suggestions. (March 2023) (Learn how an...
Election in South Carolina Main article: 1872 United States presidential election 1872 United States presidential election in South Carolina ← 1868 November 5, 1872 1876 → Nominee Ulysses S. Grant Horace Greeley Party Republican Liberal Republican Home state Illinois New York Running mate Henry Wilson Benjamin G. Brown Electoral vote 7 0 Popular vote 72,290 22,699 Percentage 75.73% 23.78% County Results Grant 50-60% 60-7...
This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This biography of a living person needs additional citations for verification. Please help by adding reliable sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately from the article and its talk page, especially if potentially libelous.Find sources: Dalil Boubakeur –...
American economist (1917–2010) For the clergyman and hymn writer, see Fred Kaan. Alfred E. KahnBorn(1917-10-17)October 17, 1917Paterson, New Jersey, U.S.DiedDecember 27, 2010(2010-12-27) (aged 93)Ithaca, New York, U.S.EducationNew York University (BA)Yale University (PhD)Academic careerInstitutionCornell University Alfred Edward Kahn (October 17, 1917 – December 27, 2010) was an American economist and political advisor who specialized in regulation and deregulation. He was an import...
Posisi litosfer (nomor 4) pada lapisan Bumi Litosfer adalah kerak bumi terluar yang tersusun atas lempeng-lempeng tektonik yang sangat sulit bergerak. Posisi litosfer berada di atas batuan terapung yang relatif mudah bergerak satu sama lain.[1] Ketebalan rata-rata litosfer adalah 100 km dengan susunan kerak bumi dan mantel. Possi litosfer berdekatan dengan astenosfer.[2] Litosfer termasuk lapisan kuat yang terletak di atas astenosfer yang lemah. Posisi litosfer membuat litosfe...
Louis XVIIILouis XVIII, dengan menggunakan jubah penobatannya, oleh François GérardRaja Prancis dan NavarraBerkuasaDe jure 11 Juni 1795 – 16 September 1824 De facto 11 April 1814 – 20 Maret 1815; kemudian8 Juli 1815 – 16 September 1824PendahuluNapoleon ISebagai Kaisar Prancis.PenerusCharles XInformasi pribadiKelahiran(1755-11-17)17 November 1755Istana Versailles, PrancisKematian16 September 1824(1824-09-16) (umur 68)Louvre, Paris, PrancisPemakamanBasilika Saint Den...
Questa voce sugli argomenti allenatori di pallacanestro statunitensi e cestisti statunitensi è solo un abbozzo. Contribuisci a migliorarla secondo le convenzioni di Wikipedia. Segui i suggerimenti dei progetti di riferimento 1, 2. Howie DallmarHowie Dallmar con la maglia dei Philadelphia WarriorsNazionalità Stati Uniti Altezza193 cm Peso91 kg Pallacanestro RuoloAla piccolaAllenatore Termine carriera1949 - giocatore1975 - allenatore CarrieraGiovanili Lowell High School1940-1942...
The Jesus and Mary ChainJesus and Mary Chain live @ The Wiltern, Los Angeles, California, 23 ottobre 2007 Paese d'origine Regno Unito GenereRock alternativo[1]Noise pop[1]Indie rock[1]Shoegaze[2][3]Post-punk[1] Periodo di attività musicale1984 – 19992007 – in attività EtichettaCreation RecordsBlanco y Negro RecordsSub Pop Album pubblicati17 Studio7 Live2 Raccolte4 Logo ufficiale Sito ufficiale Modific...
هذه المقالة تحتاج للمزيد من الوصلات للمقالات الأخرى للمساعدة في ترابط مقالات الموسوعة. فضلًا ساعد في تحسين هذه المقالة بإضافة وصلات إلى المقالات المتعلقة بها الموجودة في النص الحالي. (أكتوبر 2023) فيكتور لوكاشينكو (بالبيلاروسية: Віктар Аляксандравіч Лукашэнка) معل�...
Disque dur Intérieur d'un disque dur ouvert d'IBM. Caractéristiques Date d'invention 13 septembre 1956 Inventé par Reynold Johnson Se connecte via Interface SCSI (1979) (Small Computer System Interface) interface ESDI (1980) (Enhanced Small Disk Interface) Interface IDE (1991) (Integrated Drive Electronics) Interface EIDE (1997) (Enhanced Integrated Drive Electronics) Interface SATA (2003) (Serial Advanced Technology Attachment) Interface SAS (2009) (Serial Attached SCSI) Segmentation du ...