Roque de los Muchachos-observatoriet er eit astronomisk observatorium på La Palma på Kanariøyane , på randa av eit stort vulkankrater , 2400 meter over havet. Det vart offisielt opna i 1986. Observatoriet er internasjonalt og vert drive i fellesskap. Spania , som eig området og har ansvaret for infrastrukturen og spanske astronomar disponerer 20 % av observasjonstida på alle instrument. Storbritannia (saman med Irland og Nederland ) har William Herschel-teleskopet (4,2 m; teken i bruk 1988), det heilt ombygde Isaac Newton-teleskopet (2,5 m; 1985) og Kapteyn-teleskopet (1 m; 1984) som er særskild eigna for astrometri og fotometri . Danmark har (saman med Storbritannia) Carlsberg Automatic Transit Circle (1984), eit instrument for nøyaktig og rask måling av stjerneposisjonar . Sverige har to teleskop , ein reflektor (60 cm; 1982) og eit tårnteleskop for solobservasjoner (1983). Italia har teleskopet Galilei (3,6 m, 1997).
Nordisk Optisk Teleskop (NOT), eit dansk-finsk-norsk-svensk samarbeidsprosjekt (2,5 m; 1989), høyrer òg med til observatoriet. Frå 1997 er også Island med på NOT.
Kjelder