Ronald Flowers (28. juli1934–12. november2021) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Doncaster. Han var Wolverhampton-spelar i 15 år og spelte 49 landskampar for England i tida 1955-66.
Karriere
Klubbspel
Flowers fekk kontrakt med Wolverhampton Wanderers i 1952. Han var med om å vinne ligaen tre gongar i 1950-åra, to gongar kom laget på andreplass. Våren 1960 sikra Flowers og lagkameratane hans klubben ein solid triumf i FA-cupen med 3 – 0 over Blackburn Rovers i finalen. I september 1967 vart han overført til Northampton Town og spelte to sesongar for klubben.
Landslagsspel
Flowers fekk sin landslagsdebut borte mot Frankrike i mai 1955. Under Fotball-VM 1962 i Chile spelte han alle Englands fire kampar. I sin siste landskamp, 29. mai 1966 på Ullevål stadion i Oslo, var han med å vinne med 6 mot 1 over Noreg. Flowers var med i VM-troppa 1966, kom ikkje på bana. Han skåra i alt 3 landslagsmål på sine 49 kampar.