Roman Candle var debutalbumet til Elliott Smith som soloartist, sjølv om han enno var medlem av gruppa Heatmiser. Ifølgje biografien Elliott Smith and the Big Nothing spela Smith inn albumet i kjellaren til den daverande kjærasten og manageren sin, J.J. Gonson. Det var aldri meininga å gje ut albumet, men etter at Gonson spelte albumet for Cavity Search Records, spurde dei med ein gong om å få gje ut albumet. Smith nølte først, men gav dei til slutt tillating til å gje ut albumet.
Innhald
Alle songane er skrivne av Elliott Smith bortsett frå der anna er notert.