Robert Browning (7. mai1812–12. desember1889) var ein britisk diktar som er kjend for diktsamlingane sine av dramatisk lyrikk, som The Ring and the Book.[1]
Liv
Robert Browning var fødd i Camberwell i London som son av Robert Browning Sr og Sarah Anna Wiedemann. Faren hadde vore nokre år i ungdommen på Saint Kitts i Karibia, og fekk avsmak for korleis plantasjeeigarane behandla slavane der. Han drøymde om å bli kunstnar, men blei i staden ein vanleg kontorarbeidar ved Bank of England. Mor hans var av skotsk-tysk opphav og elska kunst, musikk og hagearbeid.
Allereie som barn var Browning svært lærelysten, samtidig som han elska friluftsliv og i tjueårsalderen var litt av ein dandy. Han var inspirert av både Shelley og av den tyske Sturm und Drang-rørsla.
Far hans hadde stor forståing for den litterære interessa til sonen, og betalte for dei fyrste utgjevingane hans, som Pauline (1830.). I 1840 kom Sordello ut, men ingen forstod kva verket handla om.
Familie
Han blei interessert i dikta til Elizabeth Barrett Browning, og byrja ei livleg brevveksling med henne. Han møtte henne for fyrste gong i mai 1845. Far hennar var tyrannisk, og tykte ikkje noko om at døtrene hans hadde beundrarar. Som følgje gifta dei to seg i all løyndom i august 1846, og flykta sidan til Italia. Dei busette seg i Firenze, og hadde eit uvanleg lykkeleg ekteskap, som inspirerte han til fleire lovprisa diktsamlingar. Sonen deira, Robert, blei fødd 1849
Kona døydde i armane hans i juni 1861, og Browning fann det sidan uuthaldeleg å bli verande i Italia, der dei hadde hatt så mange lykkelege stunder saman. Han vende tilbake til London med sonen, og blei ein populær person i selskapslivet. Han budde heime hjå den gamle faren sin, og seinare, etter at faren var død i 1866, i lag med systera si.
Seinare år
I alderdommen vende han tilbake til Italia og slo seg ned i Venezia, der han budde i huset til sonen. Browning døydde der i desember 1889.
Dei fyrste publiserte diktsamlingane til Browning vekte inga merksemd. Men frå 1841 til 1846 gav han ut Bells and Pomegranates (‘Klokker og granateple’), og fekk gjennom dette verket ei stille som etablert poet. I Firenze arbeidde han med diktsamlinga Men and Women, som seinare gjorde han prisa. Etter at kona hans døydde vende Browning tilbake til London og skreiv dei best kjende verka sine, dikt i monologform, som The Ring and the Book (1868–1869), som handlar om ein mordprosess i Roma på 1600-talet.[3]
Verkliste
1833 – Pauline: A Fragment of a Confession
1835 – Paracelsus
1837 – Strafford (teaterpjäs)
1840 – Sordello
1841 – Bells and Pomegranates No. I: Pippa Passes
1842 – Bells and Pomegranates No. II: King Victor and King Charles
1842 – Bells and Pomegranates No. III: Dramatic Lyrics
1843 – Bells and Pomegranates No. IV: The Return of the Druses
1843 – Bells and Pomegranates No. V: A Blot in the 'Scutcheon
1844 – Bells and Pomegranates No. VI: Colombe's Birthday
1845 – Bells and Pomegranates No. VII: Dramatic Romances and Lyrics
1846 – Bells and Pomegranates No. VIII: Luria and A Soul's Tragedy
1850 – Christmas-Eve and Easter-Day
1855 – Men and Women
1869 – The Ring and the Book
1871 – Balaustion's Adventure
1871 – Prince Hohenstiel-Schwangau, Saviour of Society
1872 – Fifine at the Fair
1873 – Red Cotton Night-Cap Country
1875 – Aristophanes' Apology
1875 – The Inn album
1876 – Pacchiarotto, and How He Worked in Distemper
1877 – The Agamemnon of Aeschylus
1878 – La Saisiaz and The Two Poets of Croisic
1879 – Dramatic Idylls
1883 – Jocoseria
1884 – Ferishtah's Fancies
1887 – Parleyings with Certain People of Importance in Their Day