Rio Águeda

Rio Águeda er ei elv i Spania og Portugal. Ho spring ut i Spania i Castile og Leon, og renn 130 km til ho munnar ut i Douro ved Barca de Alva i Portugal. Det meste av Águeda dannar ei naturleg grense mellom dei to landa. Ho renn òg gjennom ein portugisisk stad med same namn som elva.