Byggverket er i kalkstein og har 400 godkjende plassar (Kyrkjebyggdatabasen oppgjev 300 plassar[2]). Kyrkja er prostesete i Ringsaker prosti og soknekyrkje for Ringsaker.
Tårnspiret når 64 meter over bakken og er bygd av Iver Helmen frå Gran i 1694. Det var ei viktig pilegrimskyrkje fram til reformasjonen då pilegrimsvandringane tok slutt. I nyare tid er den ofte vitja av vår tids pilegrimsvandrarar og andre turistar. Den er kjent for god akustikk og det er mange konsertar med klassisk kyrkjemusikk - kyrkja blir også brukt til innspelingar.
Mot koret
Foto: Karl Brodowsky
Altarskåp frå ca. 1520
Foto: Peter Fiskerstrand
Døypefont av Lars Borg (1704)
Foto: Øyvind holmstad
Dåpshus frå RIngsaker kyrkje, no på Norsk Folkemuseum
Foto: Anne Lise Reinsfelt
Det gamle orgelet på vestgalleriet, som no er fjerna
Foto: Øyvind Holmstad
Veggmåleri
Foto: Øyvind Holmstad
Kjelder
Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
Per Granverg (1995). «Ringsaker kirke». I Egil Enemo og Trond Røhnebæk. Kirker i Ringsaker. Brøttum, Furnes, Nes, Ringsaker og Veldre historielag. s. 25-36. ISBN82-991756-8-2.