Staden var ein viktig landsby for innfødde powhatanfolk, og blei folkesett ei kort tid av engelske kolonistar frå Jamestown frå 1609 til 1611.[1][2] Richmond blei grunnlagd som by i 1737. I 1780 fekk han status som hovudstad for kolonien Virginia.
Under den amerikanske borgarkrigen gjekk Virginia ut av unionen og slutta seg til Sørstatskonføderasjonen. Richmond blei då hovudstad i konføderasjonen. Byen blei teken av Nordstatshæren i byrjinga av april 1865. Mykje av byen blei øydelagd, men han blei raskt bygd opp att etter at borgarkrigen var over.
Parkar
Byen har eit av dei eldste kommunale parksystema i landet. Byrådet stemte for å kjøpa 7,5 acre (30 000 m2) land i 1851, som no er kjent som Monroe Park.[3] Monroe Park ligg ved sida av Virginia Commonwealth University-campusen, og er ein av over 40 parkar som til saman dekkjer over 1 500 acre (610 ha).
Fleire av parkane ligg langs James-elva, og James River Parks System har stiar for gåturar, sykling og naturopplevingar.[4]
Det ligg også parkar på to større elveøyar i James-elva, Belle Isle og Brown's Island. Belle Isle, den største, omfatta tidlegare ein powhatan-landsby, ein veddeløpsbane i kolonitida og ein fangeleir under borgarkrigstida. Det er fleire restar att etter fangeleiren.
To andre større parkar langs elva er Byrd Park og Maymont, i nærleiken av Fan District. Byrd Park er prega av eit minnesmerke etter fyrste verdskrigen, ein carillon frå 1926. Naboparken Maymont har formelle hagar, utstillingar av innfødde plantar og eit natursenter.