Respirator eller pustemaskin[1] er ein maskin som heilt eller delvis overtek pustearbeidet (ventilasjonen) for eit menneske eller dyr. Han overtek ikkje gassutvekslinga (respirasjonen), då nyttar ein ECMO- eller hjarte-lungemaskinar. Om respiratoren er del av eit anestesiapparat nyttar ein ofte nemninga ventilator.