I striden som oppstod mellom Mexico og Texas fire dagar etter lausrivinga, vart 183 amerikanarar drepe da tusenvis meksikanske soldatar leidde av generalAntonio López de Santa Anna storma Alamo-fortet, etter at fortet først hadde vore omringa ein periode. Mellom dei drepne i slaget ved Alamo var oberstJim Bowie og kongressmannen Davy Crockett. I fridomskampen for Texas etter dette, vart slagordet «Hugs Alamo!» (eng. Remember the Alamo!) bruka. Den 21. mars1836 sigra styrkane til Republikken Texas, leidde av general Sam Houston, over meksikanarane i Slaget ved San Jacinto, sikra sjølvstendet til den nye repubikken og gjorde slutt på krigen mellom Mexico og Texas.
Replikken Texas opphøyrde i desember 1845 da Texas vart annektert av USA som den 28. delstaten.
Presidentar og visepresidentar
Presidentar og visepresidentar i Republikken Texas