REITAN AS er eit privat, familieeigd selskap som driv innan handel, eigedom og kapital. Innanfor handel kontrollerer selskapet Rema 1000, Narvesen og 7-Eleven. Selskapet har 27 500 tilsette i 5 land.
Reitangruppen har hovudkontor på Lade gård i Trondheim. Det fører historia si tilbake til O. Reitan Kolonial, ein kolonialhandel skipa i 1948 av Margit og Ole Reitan i Nonnegata i Trondheim.[1] I 1964 opna Reitan ein sjølvbetjent supermarknad på Havstein.[1] Reitangruppen blei til som eit resultat av samarbeidet mellom Ole Reitan og sonen Odd Reitan på 1970- og 1980-talet. I dag står Odd og sønene hans, Ole Robert og Magnus Reitan, som offisielle eigarar av selskapet.
REITAN består av fire selskapsområdene: Reitan Retail, Reitan Eiendom og Reitan Kapital. I tillegg har REITAN selskapene Britannia Hotel, Nye Hjorten Teater og Posten Moderne. Reitan Retail har operativt senter i Oslo, medan Reitan Eiendom er basert i Trondheim. Uno-X er basert i Oslo/København.
Innanfor handel opererer gruppa selskapa Rema 1000, Narvesen, Pressbyrån (Sverige), 7-Eleven, Spaceworld og YX Energi. Samla omsetting i 2009 var på 57 milliardar kroner. Pr 31. desember 2009 har Reitangruppen 2 789 utsalsstader. Totalt hadde Reitangruppen 27 500 medarbeidarar ved utgangen av 2009. I konsernet er det totalt 3 626 tilsette, og gruppa er Noregs 6. største selskap.