Reidar Bekkemellem
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
1944 (80 år)
|
Idrett |
langrenn
|
Reidar Bekkemellem (fødd 16. april 1944) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Heidal i Oppland. Han var med på Heidal Idrettslag sitt tremannslag som fire gongar vann NM-stafetten over 3 x 10 km, høvesvis 1967, 1968, 1969 og 1971. Dei andre to på laget var Arvid Ryen og Erling Steineide. Individuelt vann Bekkemellem tre bronsemedaljar under NM-tevlingar. Den fyrste kom på tremila i 1966, då brørne Gjermund og Jo Eggen kom føre han på resultatlista, dei to siste kom i 1969.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Kjelde
- Sportsboken, aktuelle årgangar