Refleksjonståker er gasståker som er synlege ved at dei reflekterer lys frå nærliggjande stjerner.[1] Refleksjonståker er som regel blåe då kortare bølgjelengder blir reflekterte betre enn lengre.[2] Refleksjonståker skil seg frå emisjonståker ved at gassen i refleksjonståkene ikkje sender ut lys sjølv då stjernelyset ikkje er kraftig nok til å ioniseraatoma.[3]