Ray Ellis (28. juli 1923–27. oktober 2008) var ein USA-amerikansk plateprodusent, arrangør og dirigent. Han var ansvarleg for orkestreringa av Billie Holiday-albumet Lady in Satin (1958).[1]
Ellis arrangerte mange hitinnspelingar i 1950- og 1960-åra, som «A Certain Smile» av Johnny Mathis, «Broken Hearted Melody» av Sarah Vaughan og «Standing on the Corner» av The Four Lads. I 1969 produserte han debutplata til Emmylou Harris, Gliding Bird.
Sidan skreiv han mykje musikk for film og fjernsyn.
Utvald diskografi
Som leiar
- Ellis in Wonderland (1957)
Som arrangør eller dirigent
- Mood Jazz, Joe Castro (1956)
- Lady in Satin, Billie Holiday (1958)
- Chris Connor Sings the George Gershwin Almanac of Song, Chris Connor (1961)
- The Third Album, Barbra Streisand (1963)
- Soul, Lena Horne (1966)
- There Is a Time, Liza Minnelli (1966)
- And I Love Him!, Esther Phillips (1965)
- Seven Letters, Ben E. King (1965)
- A Lazy Afternoon, Harold Land (1995)
- Herbie Mann Plays The Roar of the Greasepaint – The Smell of the Crowd, Herbie Mann (1965)[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff