Rawdat Rashed er ein landsby[1] i Qatar i kommunen Al Rayyan.[2] Grensene vart fastsette i 1988.[1] Han brukte å vere ein del av Jariyan al Batnah kommune før denne kommunen vart slått saman med Al Rayyan.[3] Grotta Dhal Al Misfir ligg i dette området. Landsbyen har kring 6 000 innbyggjarar.
Industri
Området har ei av dei største grunnvasskjeldene sør i landet.[4] Det vart oppretta eit statleg brunnfelt i området, og dette vart tidlegare nytta som vasskjelde for sementindustrien i Umm Bab.[5]
Rawdat Rashed er ein av dei tre store fyllplassar i landet, og vert hovudsakleg nytta for avfall frå bygg- og anlegg.[6]
Kjelder