Raufoss er ein by og administrasjonssenter i Vestre Toten kommune i Innlandet fylke.[1]
Raufoss blei tidlegare rekna som ein tettstad av Statistisk sentralbyrå. Denne tettstaden hadde 7 597 innbyggjarar den 1. januar 2019. Sidan 2023 har staden vore rekna som del av tettstaden Gjøvik.