Rasmus Steinsvik var bladstyrar for avisa «Den 17de Mai» frå 1893 til han døydde i 1913.
Tysdag 9. januar i 1894 kom fyrste utgåva av «Den 17de Mai». Arne Garborg og Rasmus Steinsvik gjorde opptakt til bladet. Hulda Garborg døypte bladet, og Arne Garborg vart med i bladstova (redaksjonen). Dei same personane var og knytt til avisa «Fedraheimen».