Rasmus R. Aarflot |
|
Fødd | 22. november 1829 |
---|
Død | 1. januar 1888 (58 år) |
---|
Statsborgar av | Noreg |
---|
Yrke | bonde, politikar |
---|
Far | Rasmus Aarflot |
---|
Barn | Synnøve Riste |
---|
Alle verv | - stortingsrepresentant (1871–1873)
- vararepresentant til Stortinget (1862–1864)
- vararepresentant til Stortinget (1865–1867)
- vararepresentant til Stortinget (1868–1870)
- vararepresentant til Stortinget (1874–1876)
- vararepresentant til Stortinget (1877–1879)
- vararepresentant til Stortinget (1880–1882)
- vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
- vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
|
Rasmus Rasmusson Aarflot (22. november 1829–1. januar 1888) var ein norsk gardbrukar, sparebankkasserar og stortingsmann frå Ekset i Volda på Sunnmøre. Han var son av Rasmus S. Aarflot, og yngre bror av Mauritz Aarflot .
Aarflot arbeidde i unge år som typograf på familietrykkeriet Aarflot Prenteverk. Frå 1852 var han gardbrukar på Rotset i Volda. Aarflot kom med i heradstyret frå 1856, ordførar i to periodar, 1858-1859 og 1886-1887. 1854-77 var han den fyrste kasseraren i Volda & Ørsta Sparebank.
Aarflot var 1. varamann til Stortinget perioden 1862-64 for Romsdals amt. Sesjonen 1862-63 møtte han frå 22.10.1862 i staden for Jørgen Olafsen, medlem av justiskomite nr 2. Åra 1871-73 var han 5. representant frå valkrinsen, medlem av personalkomiteen. Ved ei rekke valting vart han kåra til 1.-3.-varamannsplass. Fyrste varamannsplass hadde han for 1865-67, 1868-70 og 1880-82.
Aarflot var medlem av hamnearbeidskommisjonen av 1877, og av væreigarkommisjonen av 1884.
Han døydde i Kristiania (Oslo) nyårsdag i 1888.
Kjelder